Naturen rundt Knutholmen er ei oppleving i seg sjølv. Det går turstiar over fjella, mellom anna til kvite strender og høge klipper der du kan sjå havørn og heftig sjø. Du kan bli med oss på havet for å dra line eller fiske krabbe. Du kan padle brett eller kajakk, leige ein båt for deg sjølv, eller gå på budavandring med oss. Du kan ta eit bad i sjøen etter ein god og varm time i badstova.
![[object Object]](https://cdn.sanity.io/images/levupr07/production/f9cf7c0bfbdfdf45daa41245deb3c05f433d580d-3600x2399.jpg?rect=1,0,3599,2399&w=600&h=400&auto=format)
Skjergardscruise med rask båt
Bli med på ein fartsfylt tur til fine turmål ute på havet. Om vêret lar oss følgje oppsett rute, reiser vi forbi busetjingar av både nyare og eldre tid ute i havgapet.
![[object Object]](https://cdn.sanity.io/images/levupr07/production/5ac487415b6f55c226e1e57eac4b14a4c576285e-2560x1920.jpg?rect=0,106,2560,1707&w=600&h=400&auto=format)
Leige av eigen fritidsbåt
Har du lyst til å ferdast på sjøen og oppleve øya på eigen hand?
![[object Object]](https://cdn.sanity.io/images/levupr07/production/3bd0177113cf3748a9ab272a4deb2cf4794d64b7-1024x768.jpg?rect=0,42,1024,683&w=600&h=400&auto=format)
Kajakkturar med guide
Kajakk Bremanger: utforsk kysten fra kajakk, se på fiskene under deg, opplev mestringsfølelsen av å ha full kontroll over kajakken din. Kanskje du til og med vil få øye på en ørn eller en sel?
![[object Object]](https://cdn.sanity.io/images/levupr07/production/7647a727a91598ff27469b5b265698ab7322fab7-3968x2976.jpg?rect=0,165,3968,2645&w=600&h=400&auto=format)
Buavandring gruppe
Vi delar ei 5000 år lang historie mens vi vandrar gjennom bygda. Vi tek turen rundt vågen, og legg inn eit besøk hos galleriet.
![[object Object]](https://cdn.sanity.io/images/levupr07/production/f661dc6393d5d8ea2ca6dbb001c2a9beabc9e283-1223x816.jpg?rect=0,0,1223,815&w=600&h=400&auto=format)
Leige av syklar
Det er fleire sykkelvegar i og rundt Kalvåg slik som til fyret på Nesje, gamle Smørhamn handelstad og utkiksplassen på Liseth.
![[object Object]](https://cdn.sanity.io/images/levupr07/production/68e55a6612912b64129f8433971642fd6d4ac182-3600x2700.jpg?rect=0,150,3600,2400&w=600&h=400&auto=format)
Krabbefangst
I havet utanfor hotellet ligg fiskefelta og krabbeteinanene, og turen går mellom holmar og skjer i nærområdet, med draging, tømming og egning av teiner.
![[object Object]](https://cdn.sanity.io/images/levupr07/production/0ac18a7e8636e1cea7372f631d70ce9d5b41e530-3600x2700.jpg?rect=0,150,3600,2400&w=600&h=400&auto=format)
Leige av havkajakk
Bremanger er ei skjult perle utanfor allfarveg. Mange kallar området «lille Lofoten» av fleire grunnar. Mykje liknar. Dei grønne åsane, dei kvite strendane, det klåre vatnet. Berre utan så mykje folk.
![[object Object]](https://cdn.sanity.io/images/levupr07/production/cb0901e4ec7d7ed1031bc2c6c9a998fe838ba7e4-3600x2403.jpg?rect=0,1,3600,2400&w=600&h=400&auto=format)
Buavandring privat tur
Vi delar ei 5000 år lang historie mens vi vandrar gjennom bygda. Vi tek turen rundt vågen, og legg inn eit besøk hos galleriet. Buavandringa kan bestillast som ei privat tur med oppmøte klokka 11:00 i huvudhuset på Knutholmen.
![[object Object]](https://cdn.sanity.io/images/levupr07/production/d9cf50d19136633c292964497da08b2f7d237538-3600x2700.jpg?rect=0,150,3600,2400&w=600&h=400&auto=format)
Fisketur
Vi møtast på kaia ved Knutholmen før vi kastar loss og set kursen mot fiskefeltet. Her er det mogeleg med god og variert fangst. Du kan få torsk, lyr, hyse, brosme, lange, steinbit, kveite, krabbe og havål!
![[object Object]](https://cdn.sanity.io/images/levupr07/production/40d5466404f1f25ad943a7d8e9e9df55c8e01375-2400x3600.jpg?rect=0,1000,2400,1600&w=600&h=400&auto=format)
Kok og bad
Lite er meir helsebringande enn ei dampande varm badstove før eit friskt bad i havet. Frå den flytande saunaen vår kan du sjå rorbuder, fiskebåtar og eit yrande fugleliv.