Boklansering: Bergholm. Historien om båten fra Shetlandsgjengen
24. Mar 2023Velkommen til boklansering av «Bergholm. Historien om båten fra Shetlandsgjengen» på Knutholmen. Arrangementet er gratis og åpent for alle. Se påmeldingsinfo nederst.
Ei kort flyreise frå dei store byane. Ein fergetur ut i havet. Der ligg Knutholmen. Eit familiedrive hotell med historiske sjøhus i slåande omgjevnadar – og eit kjøken kjend for god mat.
Tilboda våre gjer deg overnatting, servering og opplevingar til ei fast og god pris. Dei er verd å sjekka ut om du vil ha mest mogleg ut av opphaldet ditt.
Vi er opptekne av berekraft på Knutholmen. Og jo lenger folk bur, dess mindre avtrykk etter kvar gjest. Difor byr vi deg ei ekstra natt uten ekstra kostnad når du bur 2 netter i eit av våre hotellrom i moderne sjøhus
Nokre gonger skal ein unne seg det aller beste, saman med nokon ein er glad i. Her får dykk eit av våre aller finaste rom med frukt og champagne på rommet, fireretters middag og den flytande saunaen eit par timar for dykk sjølv.
Bestill eit sumaropphald hjå oss med middag inkludert i prisen. Er du her ein laurdag, betyr det at du får med deg Knutholmens berømte sjømatbuffet med fersk og nykoka sjømat. Ellers i veka serverer vi fireretters middag av det beste kjøkenet har å by.
Romma på Knutholmen er svært varierte. Du kan bu i ei rorbu, ei leilegheit, eit historisk eller moderne sjøhus.
Sjøholt er eit vakkert botique hotell. Her er ingen av romma like, og her finn du den høgste kvaliteten vi har å tilby på alt frå sengetøy til interiør. Med handlaga og historiske detaljar.
Dei historiske sjøhusa er dei eldste husa for overnatting. Her finn du originale tregolv, veggar med mykje historie, rom med trivelege og gjennomtenkte detaljar. Frukost inkludert på rom, ikkje leiligheit.
Dei moderne sjøhusa ligg heilt nede ved vatnet. Romma er innreia med gode sengar og folkekjær kunst, og held høg komfort. Nokre med sjøutsikt og nokre med balkong. Frukost inkludert.
Vi har verdas beste råvarer rett utafor døra. Sprell levande sjømat. Skaldyr som enno grip kring seg med klørne i det du set deg til bords.
Naturen rundt Knutholmen er ei oppleving i seg sjølv. Gjennom tilrettelagde aktivitetar kan du få oppleve fiskelykke og dyreliv.
Bli med på ein fartsfylt tur til fine turmål ute på havet. Om vêret lar oss følgje oppsett rute, reiser vi forbi busetjingar av både nyare og eldre tid ute i havgapet.
Å utforske kysten frå kajakk er ein flott måte å komme nært dyrelivet på. Sjå fisken svømme under deg. Padle i lag med fuglar som duppar i vatnet. Kanskje du også får auge på ei ørn eller ein sel?
Lite er meir helsebringande enn ei dampande varm badstove før eit friskt bad i havet. Frå den flytande saunaen vår kan du sjå rorbuder, fiskebåtar og eit yrande fugleliv.
Velkommen til boklansering av «Bergholm. Historien om båten fra Shetlandsgjengen» på Knutholmen. Arrangementet er gratis og åpent for alle. Se påmeldingsinfo nederst.
1.mars er vi endelig tilbake med åpen restaurant. Vi håpar å sjå deg der.