Familien som driver Knutholmen står smilende oppstilt.

På 1860-talet var Kalvåg et av dei største fiskeværa på kysten. Bygda hadde sjukehus, kyrkje, lensmannsgard, sju butikkar og tolv tusen innbyggjarar. Bestefar kom til Kalvåg i 1952 for å drive butikken. Det vart vanskelege tider då sildefisket nærast vart borte, og då far vår tok over drifta, såg Kalvåg ganske annleis ut.

Kalvåg

I 1989 lå kaia avstengd og øydelagt, og over tid har heile familien Fosse bidrege til å restaurere sjøhus og brygge, bygge opp att rorbuder og nye leiligheiter, for å ta vare på den gamle kystkulturen.

Knutholmen

Jan Fredrik og Martine kjenner ikkje berre historia bak kvar skrue i nokre hus. Dei har sjølv vakse opp som ein del av kjøkenet, delteke i drifta, pussa opp romma, utvikla vegar og nett, slik at Knutholmen er kva det er i dag.

Knutholmen
Praktisk info

Noko du lurer på?

Knutholmen ligg omtrent så langt vest i landet du kan kome. Fiskeværet Kalvåg ligg heilt ytst på øya Frøya, eit namn som i seg sjøl betyr «fremst». Mange kjem hit sjøvegen. Det er kanskje den finaste vegen, om ikkje ein likar spaghettivegane over fastlandet då.

Kjem du med bil kan du parkere rett ved der du skal bu. Vi tilbyr el-lading. Næraste flyplass er Florø. Flybillettar får du booka via Widerøe eller Dat.dk sine nettsider. Frå Florø går det hurtigbåt til Smørhamn. Knutholmen er behjelpelege med transport frå fergekaia eller vidare over fjellet som ein ekstra service for dei som ynskjer det. Rutetider for hurtigbåtene finn du på Norled eller Fjord1 sine nettsider.

Ta gjerne kontakt på telefon +47 57 79 69 00 om det er noko du lurer på.

alt
Berekraft

Havet betyr mykje for oss

Vi er opptekne av miljøet og driv målretta arbeid knytt til dette. Vi brukar lokale råvarer og lokale leverandørar, og baserer aktivitetar på det vi har nære. Vi veit kor viktig det er å ta vare på havet og ressursane. Knutholmen vart sertifisert som miljøfyrtårn i 2013, og mottok utmerkinga Årets Reiselivsbedrift i Sogn og Fjordane same år.

Vi er aktive i høve til utvikling av lokalsamfunna, og godkjend som lærebedrift i servitør- og kokkefag. Vi tek enno steg mot betre ressurshandtering.

Målet er å skape minst mogleg avtrykk etter kvar gjest.

Bilde av sjøen fra båt
Dei Historiske

Dei få og særleg fine

Dei Historiske Hoteller og Spisestader er ei medlemsorganisasjon for dei mest unike hotella i Noreg. Det som kjenneteiknar medlemmane er godt vertskap, god atmosfære, god mat, god service, ei god velkomst, fine opplevingar og høg kvalitet i alle ledd.

Det handlar om overnatting og gastronomi i særklasse, om sjarmerande og historiske omgjevnader, om særleg vakre og spanande aktivitetar i tilknytting til hotellet.

Knutholmen er stolt medlem av Dei Historiske Hoteller og Spisestader.

Historiske sjøhus
Båt
fiskebåt
gamle båter
Overnatting

Her kan du bu på Knutholmen

Romma på Knutholmen er svært varierte. Du kan bu i ei rorbu, ei leilegheit, eit historisk eller moderne sjøhus.

[object Object]

Historisk sjøhus

Dei historiske sjøhusa er dei eldste husa for overnatting. Her finn du originale tregolv, veggar med mykje historie, rom med trivelege og gjennomtenkte detaljar. Frukost inkludert på rom, ikkje leiligheit.

Meir info og bilete →
[object Object]

Moderne sjøhus

Dei moderne sjøhusa ligg heilt nede ved vatnet. Romma er innreia med gode sengar og folkekjær kunst, og held høg komfort. Nokre med sjøutsikt og nokre med balkong. Frukost inkludert..

Meir info og bilete →
[object Object]

Sjøholt

Sjøholt er eit vakkert botique hotell. Her er ingen av romma like, og her finn du den høgste kvaliteten vi har å tilby på alt frå sengetøy til interiør. Med handlaga og historiske detaljar.

Meir info og bilete →