Vi har verdas beste råvarer rett utafor døra.

Sprell levande sjømat. Skaldyr som enno grip kring seg med klørne i det du set deg til bords.

Vi set vår ære i å halde høg kvalitet på alt vi serverer. Anten det er villfanga eller villfiska, heimebaka eller handlaga.

Sjømat er naturleg nok vår spesialitet. Rike fat med krabbe, kreps, kamskjell, blåskjell, reker, fisk – alt etter kva som er i sesong. Surdeigsbrød og sild til frokost. Nærdyrka bær til dessert. Vi serverer også kjøt så lenge dyret har levd fritt.

Skaldyr

Kokkane våre

Mat betyr mykje for oss. Ikkje berre er hotellsjefen utdanna kokk. Fleire familiemedlemmar jobbar på kjøkenet, saman med vener frå restauranter i Europa, kollegaer frå velrenommerte stader, kokkar som kjem hit for å arbeide på eit veldrive kjøken med høg kvalitet. Restauranten er sjølve hjartet av Knutholmen. Vi gjer vårt ytste for by deg verkeleg god mat ved å følgje sesongane og behandle råvarane med respekt.

alt
Havets festbord
Martin
mat
Pakkar

Våre pakketilbod

Tilboda våre gjer deg overnatting, servering og opplevingar til ei fast og god pris. Dei er verd å sjekka ut om du vil ha mest mogleg ut av opphaldet ditt.

[object Object]

Nordfjords perler - smaken av fjordkysten En vakker 3-dagers biltur fra Bremanger til Stryn!

Opplev et Norge i miniatyr, fra majestetiske fjell, dramatiske fossefall, dype daler, krystallklare vann og spektakulære isbreer, til enestående kystlinje med sjarmerende øysamfunn og fjordbygder.

[object Object]

Sumarovernatting med middag Sumarnetter og bugnande sjømat

Bestill eit sumaropphald hjå oss med middag inkludert i prisen. Er du her ein laurdag, betyr det at du får med deg Knutholmens berømte sjømatbuffet med fersk og nykokt sjømat. Ellers i veka serverer vi fireretters middag av det beste kjøkenet har å by.

[object Object]

Påskeopphald Finn roen på Knutholmen og bli ei ekstra natt uten tillegg i prisen

Vi er opptekne av berekraft på Knutholmen. Og jo lenger folk bur, dess mindre avtrykk etter kvar gjest. Difor byr vi deg ei ekstra natt uten ekstra kostnad når du bur 2 netter i eit av våre hotellrom i moderne sjøhus

Overnatting

Meir enn eit vanleg hotell

Romma på Knutholmen er svært varierte. Du kan bu i ei rorbu, ei leilegheit, eit historisk eller moderne sjøhus.

[object Object]

Historisk sjøhus

Dei historiske sjøhusa er dei eldste husa for overnatting. Her finn du originale tregolv, veggar med mykje historie, rom med trivelege og gjennomtenkte detaljar. Frukost inkludert på rom, ikkje leiligheit.

Meir info og bilete →
[object Object]

Moderne sjøhus

Dei moderne sjøhusa ligg heilt nede ved vatnet. Romma er innreia med gode sengar og folkekjær kunst, og held høg komfort. Nokre med sjøutsikt og nokre med balkong. Frukost inkludert..

Meir info og bilete →
[object Object]

Sjøholt

Sjøholt er eit vakkert botique hotell. Her er ingen av romma like, og her finn du den høgste kvaliteten vi har å tilby på alt frå sengetøy til interiør. Med handlaga og historiske detaljar.

Meir info og bilete →