Møte mellom kollegaer
Vi har fleire typar møterom. Luftige og lyse rom som alle er topp moderne utstyrt med høghastigheitsnett og naudsynt teknisk utstyr. Møteromma våre er egna for alt frå 2 til 200 møtedeltakarar, og vi er svært fleksible med tanke på kva du treng. Hotellet kan tilsaman huse 250 overnattande gjestar – og medrekna hyppig servering, rikeleg med havluft og nydeleg mat, er Knutholmen eit særs egna konferansehotell med svært gode fasilitetar.
Ta kontakt for eit tilpassa tilbod.
Møte mellom slekt og vener
Knutholmen er ofte ramma rundt folk sine bryllaup. Vi samlar slekt og vener til fest og feiring av barnedåp, konfirmasjon, jubilé og merkedagar. Vi har lang erfaring som vertskap for ulike tilstellingar og hjelper til med det du treng. Vi finner nydelege område for vielsar, fine rammer for fotografering, tenkjer på meny, dekorasjon, smått eller stort. Vi deltek i planlegging og gjennomføring under heile prosessen, slik at den viktige dagen blir eit minne for livet.
Møte mellom fagfolk og lag
Anten du vil samle eit fellesskap, øve med eit band, stå saman som eit lag, synge i kor, lansere ei bok, vise fram ein film, så har Knutholmen lokaler til leige. Her er det rom til å møtast. Her er plass til ti, tjue, inntil hundre menneske i same rom.
Vi har dansegolv, pub og naudsynt teknisk service, og det er lite som samlar ei gruppe som å oppleve noko fint i lag. Gjennom tilrettelagde aktivitetar kan dykk freiste fiskelukka og oppleve havet, stormane, dyrelivet.
Ta kontakt for eit tilpassa tilbod.