1. Om Knutholmen Hotell
    Eigar av denne nettsida er: Knutholmen AS, Holmen 19, 6729 Kalvåg. Tlf.: 57 79 69 00. E-post: post@knutholmen.no. Vårt org. Nr er: 991 776 613.
  2. Føremålet med vår handsaming av personopplysningar
    I samband med kundeforhold må vi innhente opplysningar som namn,  adresse, e-post, telefonnr., organisasjonsnummer og anna nødvendig  informasjon. Dette er opplysningar vi utelukkande nyttar for å handtere ditt kundeforhold. Vi tek vare på opplysningane så lenge vi har eit  kundeforhold. Du har rett til innsyn, retting og sletting av data vi har lagra om deg. Etter endt kundeforhold vil vi ta vare på data så lenge  vi ser det hensiktsmessig for å hjelpe deg med eventuell historikk om du  skulle ha behov for det.
  3. Utlevering av personopplysningar til tredjepart
    Utlevering av personopplysningar vil ikkje skje, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt ovanfor offentlege myndigheiter.
  4. Kunderegister/Hotellsystem
    Vårt kunderegister inneheld opplysningar om kunden som namn, adresse, telefon, evt. selskapsnamn og informasjon om kontaktpersonar hjå kunden, i tillegg til opplysningar om kva tenester og produkt kunden har kjøpt. Desse blir lagra i vårt system så lenge det er tenleg for oss. Ønskjer du å få oversikt over kva vi har lagra og evt. bli sletta frå vårt hotellsystem, sjå kapittel om sletting.
  5. Informasjonskapslar
    Knutholmen.no nyttar informasjonskapslar, også kalt cookies, på nettsidene. Ved å bruke nettsida vår samtykker du i at vi kan setje desse i din nettlesar. Cookies er standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader nyttar. Vi nyttar denne kunnskapen for å tilby deg ei betre kundeoppleving neste gang du kjem til nettsida vår. Dei fleste nettlesarar, som Opera, Internet Explorer, Firefox, Safari etc, er innstilt slik at cookies blir akseptert automatisk. Om du ikkje ønskjer å akseptere cookies må du sjølv endre innstillingane i din nettlesar. Merk at denne innstillinga kan føre til at mange nettstader ikkje vil fungere optimalt.
  6. Deling
    Det er muleg å dele artiklar på nettsida i sosiale medium (Facebook, Twitter, LinkedIn). Vidare handtering av data som blir delt i sosiale medium, vert regulert av din avtale med det aktuelle nettsamfunnet.
  7. Innsyn, retting og sletting av personinformasjon
    Etter personopplysningsloven § 18 har du som privatperson krav på innsyn i  dei opplysningar som er registrert om deg. Innsyn kan ein få ved å hendvende seg til Knutholmen hotel på epost: post@knutholmen.no. Dersom registrerte opplysningar er uriktige, ufullstendige eller du ønskjer å  slette dine opplysningar, kan ein krevje dette i henhold til personopplysningsloven § 27.
  8. Ansvarleg databehandlar
    Dagleg leiar i Knutholmen Hotell er ansvarleg for handsaming av personopplysningar. Vedkommande er ansvarleg for at det vert gjennomført internkontrollar med omsyn til behandling av personopplysningar, og at evt. avvik frå gjeldande lovverk blir meldt inn og retta. Vi etterstrebar til einkvar tid å følgje gjeldande regelverk for personvern.


Har du spørsmål, ta kontakt på post@knutholmen.no eller 57 79 69 00.