Bestillingsvilkår Her er generelle vilkår for bestilling og betaling hjå Knutholmen.

Dersom du har spørsmål kan vi kontaktast på: Telefon: +47 57 79 69 00

E-post: post@knutholmen.no

Desse vilkåra gjeld for alle reservasjonar, inkludert bestillingar via våre nettsider og tredjepartar.

1. Bestilling Tal på personar, pris, losji, samt øvrige produkt og tenester som skal leverast av Knutholmen, går fram av bekreftinga gjesten mottek per e-post etter bestilling. Alle bestillingar skal vere garanterte på førehand via firmaavtale, reisebyrå eller kredittkort. Disponering av hotellrom gjeld, dersom ikkje anna er avtalt, frå kl. 15:00 på ankomstdagen til kl. 11:00 på avreisedagen.

2. Prisar og betaling Avtalte prisar er bindande for begge partar. Knutholmen forbeheld seg retten til å justere prisar som følgje av auka kostnader på varer og tenester, endringar i skattar og avgifter eller andre forhold utanfor hotellet sin kontroll. Vi tek atterhald om retten til å krevje førehandsbetaling. Betalingsmåte skal avtalast på førehand, og fullstendig fakturainformasjon må sendast til hotellet før ankomst. Knutholmen aksepterer betaling med Visa, MasterCard og Eurocard.

3. Avbestilling Dersom ikkje anna er avtalt, gjeld følgjande avbestillingsreglar: Hotellrom: Kostnadsfri avbestilling fram til 7 dagar før ankomst. Leilegheiter: Kostnadsfri avbestilling fram til 21 dagar før ankomst. Grupper (meir enn 5 rom) og pakkar: Kostnadsfri avbestilling fram til 30 dagar før ankomst, med mindre anna er skriftleg avtalt. Ved avbestilling etter fristen, eller ved manglande oppmøte (no-show), vert opphaldet belasta i sin heilskap (100 % av bekrefta pris). Endringar i bestillinga kan bli rekna som ny bestilling og kan påverke pris og tilgjengelighet. Vi anbefaler alle gjestar å teikne avbestillingsforsikring, samt å ha gyldig reiseforsikring.

4. Skade Gjesten er økonomisk ansvarleg for skadar som vert påførte rom, inventar eller anna eigedom som tilhøyrer hotellet under opphaldet.

5. Personvern Personopplysningar vert handsama i samsvar med gjeldande personvernlovgiving. Sjå eiga side for Knutholmen si personvernerklæring.

6. Force majeure Hendingar utanfor Knutholmen sin kontroll, som streik, lockout, brann, ekstremvêr eller andre uforutsette forhold, gir hotellet rett til å kansellere opphaldet utan erstatningsansvar. Knutholmen vil så langt det er mogleg forsøke å finne alternative løysingar. Vêrforhold som er normale for årstida gir ikkje grunnlag for kostnadsfri avbestilling.

7. Verneting Eventuelle tvistar mellom partane skal behandlast etter norsk rett. Dersom tvisten ikkje vert løyst i minnelegheit, skal saka førast for hotellet sitt verneting.

8. Generelle vilkår Det vert elles vist til vilkår som kjem fram i bookingbekreftinga.