Båten tek inntil 4 passasjerar og er ein spanande aktivitet for fiskarar i alle aldrar. Det er en kjentmann med på alle turar til ei kvar tid, og leiga inkluderar båt med drivstoff, førar og flyteplagg. Du kan kjøpa deg ei fiskeharpe eller leige havfiskestang av oss om du ikkje har eiget utstyr. Vi gjer tilpassingar for kvar enkelt gruppe, med line- og teinedraging, eller lengre fisketid om du ynskjer det. Turen er berekna til 2 timar og blir tilpassa vêr og varsla forhold. Vi tek alltid omsyn til naturen. Om det er naudsynt blir turen kansellert på kort varsel grunna endring i ver.
Heile veka. Måndag-fredag klokka 13:00.
![[object Object]](https://cdn.sanity.io/images/levupr07/production/40d5466404f1f25ad943a7d8e9e9df55c8e01375-2400x3600.jpg?rect=0,1000,2400,1600&w=600&h=400&auto=format)
Kok og bad
Lite er meir helsebringande enn ei dampande varm badstove før eit friskt bad i havet. Frå den flytande saunaen vår kan du sjå rorbuder, fiskebåtar og eit yrande fugleliv.