Turen starter frå Knutholmen. Du padlar mellom fargerike rorbuer og 700 holmer og skjer ut i havgapet. Vatnet er krystallklårt. Livet under kajakken er fantastisk. Du kan la deg fortrylle av kvit sand og tareskog under åra. Guiden deler historier om ei rik tid med sildefisket i Kalvåg.

Kajakkturane er lette turar for både vaksne og barn og du treng ingen erfaring for å delta. Guiden går gjennom teknikk og sikkerheitsøvingar før avreise, og sørger for at alle får ei trygg og artig oppleving. Vi tek hensyn til vêr og vind. Guiden gjer alltid ein vel underbygd avgjering om kvar turen skal gå etter vêr og varsla forhold. Merk at vi legg ruta til meir skjerma vatn om vinden er for sterk utanskjers.
Kajakkturane gjennomførast i samarbeid med Norway Adventures.
Tur kan du booke her.
Avreise frå Knutholmen klokka 11:00 kvar dag frå byrjinga av juli til 13. august. klikk bestill for di kajakk oppleving.
