Denne sommaren kan du kombinere ei unik kulturoppleving med eit opphald heilt i sjøkanten hos Knutholmen. I samband med forestillingane av Bella og Solla- og Per tilbyr vi 40 % rabatt på overnatting i perioden 27.–29. juni.

Rabattkoden BELLASOLLA legg du inn når du bestiller opphald hos oss.

Ei historie frå kysten

I musikkteateret Bella og Solla- og Per møter du systrene Bergljot og Solveig ein sommardag i 1934. Livet på Steinset i Kalvåg var prega av hardt arbeid for både små og store, og når Bella må ta eit vanskeleg val, blir forholdet til systera Solla sett på prøve.

Stykket byr på både alvor, humor, kjærleik og nydeleg musikk – ei varm og levande historie med røter frå kystlivet på Vestlandet.

Manus og musikk er skriven av Tor Karseth, basert på boka Oppvekst ved havet av Solrun Nes.

Bestill billettar

Billettar til forestillinga kjøper du her: Bella og Solla- og Per | Tikkio

Lørdag 27.juni og søndag 28.juni

Restaurant open heile helga

Restauranten held ope gjennom heile helga, og vi ønskjer deg velkomen til bords både før og etter forestilling. Nyt gode smakar og ekte kyststemning i vakre omgjevnader.

Vi anbefaler å bestille bord i god tid.

Hjertelig velkommen til Kalvåg!

Bella og Solla- og Per
Foto: Bella og Solla- og Per // Kjell Aga

Fleire artiklar

Gavekort

Perfekt gåve til de som har alt

Gje nokon du bryr deg om eit gåvekort.

Link
Gjengen på tur

Pakk sekken, ta med gjengen, og la Knutholmen ta seg av resten

Knutholmen ligg ytterst i havgapet — nær Florø og Bergen. Her ventar komfortabel overnatting i sjøhus, aktivitetar skreddersydde for gruppa og måltid laga på sprell levande sjømat frå havet rett utanfor.

Link
Hornelen Via Ferrata

Hornelen Via Ferrata

Du har aldri klatra eit fjell som dette før

Link