Julebordshelg på Knutholmen

Ta ei velfortent pause før julehøgtida og nyt ei helg hos oss på Knutholmen. Her får du tid til å senke skuldrane, puste inn frisk sjøluft og nyte gode opplevingar i vakre omgjevnader.

Fredag kveld ønskjer vi dykk velkomne til ein smakfull 3-rettars meny basert på lokale råvarer, servert i stemningsfulle omgjevnader ved havet.

Laurdag kveld dekkar vi opp til julebord med rikhaldig buffet – klassisk julemat, heimelaga pålegg, pinnekjøt og søte julekaker som set den rette stemninga.

Overnatting i våre komfortable sjøhus gjer helga komplett, med lange og gode frukostar og moglegheit for små eller store opplevingar i nærområdet – eller rett og slett berre ro og kvile.

sjøholt detaljbilde

Datoar:

20-22.November

27-29. November

For andre datoar – ta gjerne kontakt.

Prisar frå:

Julebord og overnatting lørdag til søndag
Overnatting i dobbeltrom inkludert frukost, og julebord bufe lørdag kveld.
For to personar: frå kr 3 840,-

Julebordshelg fredag til søndag
Overnatting i dobbeltrom to netter inkludert frukost, 3-rettars meny fredag kveld og julebord laurdag.
For to personar: frå kr 6 770,-

For bestilling og spørsmål: post@knutholmen.no

sommerfugl i fyr

Fleire artiklar

alt

Havets Festbord

Havets Festbord Knutholmens berømte sjømatbuffet med fersk og nykokt sjømat. Et stort utvalg varme og kalde retter samt. et stort dessertbord.

Link
Rom

Dyra skal også ha det godt hos oss

Vil du ta med deg hunden eller katten din? Velkomen til oss.

Link
Gjengen på tur

Pakk sekken, ta med gjengen, og la Knutholmen ta seg av resten

Knutholmen ligg ytterst i havgapet — nær Florø og Bergen. Her ventar komfortabel overnatting i sjøhus, aktivitetar skreddersydde for gruppa og måltid laga på sprell levande sjømat frå havet rett utanfor.

Link