kalvåg

Gjestehamna ligg sentralt i Kalvåg, og her er det god plass. Vi har ei fastkai og flytebryggjer med stor kapasitet og brygge med naudsynt service. Her får du bryggeplass med tilgang til daglegvare, frisør, galleri, straum, vatn og propan. Ein båtplass rigga for moderne forhold der hamneleiga inkluderer bosshandtering og wifi.

Gjestehamna har plass til 200 båtar, og du treng ikkje melde innsegling på førehand. Alle sjøfarerar er alltid velkomne. Vi finn plass til deg når du kjem.

Båthamn
Middag
Utsikt
Overnatting

Meir enn eit vanleg hotell

Romma på Knutholmen er svært varierte. Du kan bu i ei rorbu, ei leilegheit, eit historisk eller moderne sjøhus.

[object Object]

Moderne sjøhus

Dei moderne sjøhusa ligg heilt nede ved vatnet. Romma er innreia med gode sengar og folkekjær kunst, og held høg komfort. Nokre med sjøutsikt og nokre med balkong. Frukost inkludert.

Meir info og bilete →
[object Object]

Leilegheit

Leilegheitene passar for 2–10 personer per eining. Dei er unike i stil og kjem i ulike storleikar. Dei er godt utstyrt til sjølvhushald med kjøken og kjøkenutstyr. Oppreidde senger og sluttreingjering er alltid inkludert på Knutholmen. Frukost kan bestillast i restauranten, saman med lunsj og middag.

Meir info og bilete →
[object Object]

Rorbu

Rorbuene er autentiske med treverk naturleg behandla av sjøsprøyt og vêr. Det fins plass til 4–10 personar per bud. Dei er godt utstyrte til sjølvhushald med kjøken og kjøkenutstyr. Oppreidde senger og sluttreingjering er alltid inkludert på Knutholmen. Frukost kan bestillast i restauranten, saman med lunsj og middag.

Meir info og bilete →