Romma på Knutholmen er svært varierte. Du har dei store og rikt dekorerte. Dei lyse og luftige loftsromma. Dei enkle små romma med utsikt. Her finn du inntil 250 sengeplassar i forskjellige hus, og innsjekkinga skjer i hovudhuset, men det er ikkje her du bur. Du bur i eit hus langs den vesle vågen.

Du kan bu i ei rorbu, ei leilegheit, eit historisk eller moderne sjøhus. Dei ulike romma har plassering frå fyste til tredje etasje, og er innreia for alt frå eit enkelt menneske til ein gruppe på ti.

Og hugs:
Kontakt oss gjerne om du reiser med ei stor gruppe eller ynskjer å bli buande lenge. Kjæledyr er også velkomne.

[object Object]

Moderne sjøhus

Dei moderne sjøhusa ligg heilt nede ved vatnet. Romma er innreia med gode sengar og folkekjær kunst, og held høg komfort. Nokre med sjøutsikt og nokre med balkong. Frukost inkludert.

Meir info og bilete →
[object Object]

Leilegheit

Leilegheitene passar for 2–10 personer per eining. Dei er unike i stil og kjem i ulike storleikar. Dei er godt utstyrt til sjølvhushald med kjøken og kjøkenutstyr. Oppreidde senger og sluttreingjering er alltid inkludert på Knutholmen. Frukost kan bestillast i restauranten, saman med lunsj og middag.

Meir info og bilete →
[object Object]

Rorbu

Rorbuene er autentiske med treverk naturleg behandla av sjøsprøyt og vêr. Det fins plass til 4–10 personar per bud. Dei er godt utstyrte til sjølvhushald med kjøken og kjøkenutstyr. Oppreidde senger og sluttreingjering er alltid inkludert på Knutholmen. Frukost kan bestillast i restauranten, saman med lunsj og middag.

Meir info og bilete →
[object Object]

Sjøholt

Sjøholt er eit vakkert botique hotell. Her er ingen av romma like, og her finn du den høgste kvaliteten vi har å tilby på alt frå sengetøy til interiør. Med handlaga og historiske detaljar.

Meir info og bilete →
[object Object]

Historisk sjøhus

Dei historiske sjøhusa er dei eldste husa for overnatting. Her finn du originale tregolv, veggar med mykje historie, rom med trivelege og gjennomtenkte detaljar. Frukost inkludert.

Meir info og bilete →
Pakkar

Våre pakketilbod

Tilboda våre gjer deg overnatting, servering og opplevingar til ei fast og god pris. Dei er verd å sjekka ut om du vil ha mest mogleg ut av opphaldet ditt.

[object Object]

Bu 3 netter i Moderne Sjøhus, betal for 2! Finn roen på Knutholmen og bli ei ekstra natt uten tillegg i prisen!

No kan du forlengje opphaldet ditt med ei ekstra natt, uten å betale noko ekstra.

[object Object]

Romantisk Opphald Romantisk Opphald

Nyt tida saman berre dokke to under eit opphald i to dagar. Bruk gjerne helga til å utforske dei vakre omgjevelsane og dei mange turmuligheitene i storslått natur som øya byr på til fots, til sykkel eller til sjøs.

[object Object]

Kystens perle Bobler, badstue og ein betre middag

Nokre gonger skal ein unne seg det aller beste, saman med nokon ein er glad i. Her får dykk eit av våre aller finaste rom med frukt og champagne på rommet, fireretters middag og den flytande saunaen eit par timar for dykk sjølv.

Aktivitetar

Ein dag du aldri gløymer

Naturen rundt Knutholmen er ei oppleving i seg sjølv. Gjennom tilrettelagde aktivitetar kan du få oppleve fiskelykke og dyreliv.

[object Object]

Skjergardscruise med rask båt

Bli med på ein fartsfylt tur til fine turmål ute på havet. Om vêret lar oss følgje oppsett rute, reiser vi forbi busetjingar av både nyare og eldre tid ute i havgapet.

Les meir og bestill →
[object Object]

Leige av syklar

Det er fleire sykkelvegar i og rundt Kalvåg slik som til fyret på Nesje, gamle Smørhamn handelstad og utkiksplassen på Liseth.

Les meir og bestill →
[object Object]

Buavandring

Vi delar ei 5000 år lang historie mens vi vandrar gjennom bygda. Vi tek turen rundt vågen, og legg inn eit besøk hos galleriet.

Les meir og bestill →