Bildegalleri









Dei historiske sjøhusa er dei eldste husa for overnatting. Her finn du originale tregolv, veggar med mykje historie, rom med trivelege og gjennomtenkte detaljar. Frukost inkludert på rom, ikkje leiligheit.
Leilegheitene passar for 2–10 personer per eining. Dei er unike i stil og kjem i ulike storleikar. Dei er godt utstyrt til sjølvhushald med kjøken og kjøkenutstyr. Oppreidde senger og sluttreingjering er alltid inkludert på Knutholmen. Frukost kan bestillast i restauranten, saman med lunsj og middag.
Sjøholt er eit vakkert botique hotell. Her er ingen av romma like, og her finn du den høgste kvaliteten vi har å tilby på alt frå sengetøy til interiør. Med handlaga og historiske detaljar.
Rorbuene er autentiske med treverk naturleg behandla av sjøsprøyt og vêr. Det fins plass til 4–10 personar per bud. Dei er godt utstyrte til sjølvhushald med kjøken og kjøkenutstyr. Oppreidde senger og sluttreingjering er alltid inkludert på Knutholmen. Frukost kan bestillast i restauranten, saman med lunsj og middag.